Ola Halvorson Sata kjøpte Hestebrekk hjå generaløytnant Fritzchler for 80 rd. i 1713. Dom 1721 Eirik
Shared note |
Ola Halvorson Sata kjøpte Hestebrekk hjå generaløytnant Fritzchler for 80 rd. i 1713. Dom 1721 Eirik Olson Gullhagen mot Ola Sata: ved synfaring vart hustomta etter Kongsparten påvist. Der hadde vore tre hus, no stod berre ei lu att og nokre gjerde. Då retten kom nordpå enga i Hestebrekk, kom Ola Sata ridande med ein stokk i handa og sa dei ikkje skulle gå lenger. Han slo etter ein av lagrettemennene og etter Eirik Olson. Då Ola datt av hesten, ropte han til sonen Lars: "Eg datt av hesten, slå du!" Lensmannen tok stokken frå Ola, men då spente han ned pålen der kompassen skulle setjast opp. Det vart såpass "tumult og overlast" at retten måtte hevast. (1067) s 40 SOUR @S48@ |
Sources
Title |
Abbreviation |
Author |
Publication |
Individuals |
Families |
Media objects |
Shared notes |
Last change |
Repositories
Repository name |
Sources |
Last change |
Submitters
Submitter name |
Individuals |
Families |
Last change |